top of page

OM HANDLEKRAFT OG HØG FART

Det er mindre enn to månader sidan Samferdsledepartementet gav Statens Vegvesen ordre om å nytta midtre trasé over Bjørnafjorden som grunnlag for ferjefri veg mellom Tysnes og Os. Hovudargumentet for denne traseen er 25 km kortare veg, noko som gjev 15 minuttar kortare køyretid mellom Bergen og Stord med ei fartsgrense på 100 km/t.


Mykje tyder på at Vegkontoret alt er redde for at prislappen på denne fjordkryssinga vil bli vesentleg høgare enn oppgjeve i konseptrapporten. Difor blir det viktig å leggja til rette for at finna moment som kan nyttast for å bortforklara denne kostnadsauken. Å byggja vegen slik at den toler ein fart på 130 km/t er eit slikt moment. Ifølgje Vegkontoret vil dette gjera vegen monaleg meir kostbar, men samfunnsnytta vil bli enno høgare, - noko som vil forsvara den auka investeringa.


Ein veg som toler 130 km/t set langt høgare krav til slakk kurvatur og mindre stigningsforhold. Dette inneber at vegtraseen kan ta enno mindre omsyn til landskapet den skal førast gjennom. Avstanden mellom av-/påkjørsler må og aukast. Det skal ikkje bli lettare å finna ein vegtrasé som tar omsyn til skjergarden og busetnaden i Os! Uroar ikkje dette det politiske fleirtalet i Os?


Eit anna moment er at fordelen med å velja den kortaste vegen vert mindre dess fortare ein køyrer. Dersom farten aukar frå 100 til 130 km/t vert tidsvinsten med fjordkryssinga redusert frå 15 til 12 minuttar samanlikna med ein veg over Fusa.


Kva så med samfunnsnytten. Ein veg med fartsgrense på 130 km/t gjer oss rikare enn når med køyrer i 100 km/t ifølgje forskarane. Det finst mange motorvegar i det store utland som har slike fartsgrenser, og i tillegg har store byar som ligg tettare enn Bergen og Stavangar. Korleis kan det ha seg at innbyggjarane der ikkje er rikare og lukkelegare enn vi vestlendingar?


Jappe-tida vart ein kostbar røyndom for mange på 1980-talet. Då infiserte han privat sektor. No synest jappe-tida å vera på full fart attende, men denne gong er det offentleg sektor som er infisert. Med basis i reknestykke som ein hevdar syner at veginvesteringar vert vege opp av samfunnsnytte på 2-3 år, er det berre å nytta heile pensjonsfondet vårt til å byggja motorvegar på kryss og tvers over heile landet.


Det er vel og bra å syna handlekraft, men no tykkjest farten å bli ein tanke for høg. Kor lenge skal politikarane i Os sitja i baksetet å oppildna føraren til å køyra villmann?


Egil H. Haugland FMBOB

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


© 2021 FOLKEAKSJONEN MOT BRU OVER BJØRNAFJORDEN

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Blogger - svarte sirkelen
bottom of page