top of page

Kva inneber kommunestyret sitt fleirtalsvedtak?

Os kommunestyre har på eige initiativ bedt om å få koma med fråsegn til Statens Vegvesen (SVV) si tilleggsutgreiing om val av konsept for E39 mellom Leirvik og Rådal. Eit samla kommunestyre seier nei til det konseptet som SVV tilrår, - nemleg bru over Bjørnafjorden frå Reksteren til Søre Øyane og ein så langt uspesifisert trasé vidare til Svegatjørn. Eit mindretal på 15 (heile opposisjonen minus to representantar frå Ap, men med tillegg av ein representant frå Høgre) tilrår indre alternativ via Fusa, og seier dermed nei til bru over Bjørnafjorden. Dette er ein trasé som SVV ser som den nest beste mellom dei konsepta som er vurdert.


Fleirtalet i kommunestyret har ikkje tatt standpunkt til trasé for ny E39, men avgrensar seg til å gje premissar for kva som må liggja i endeleg traséval for at Os kan godta planane. Den utgreidde planen for fjordkryssing er med andre ord uaktuell for eit samstemt kommunestyre, mens fleirtalet meiner at ein alternativ plan for bru kan verta å føretrekkja framfor indre alternativ om Fusa.


Kor realistisk er det at det ønskte alternativet for bru kan realiserast?


Ei bru frå Reksteren til Bjørnatrynet vert lengre og teknisk meir komplisert enn den brua SVV så langt har kalkulert. Ein firefelts tunnel frå Bjørnen til Moberg ligg heller ikkje inne i kalkylane som ligg føre. Skal ein i tillegg utvida planane for midtre alternativ med tverrsamband til Austevoll og Fusa, slik fleirtalet i kommunestyret krev, vil eit slikt konsept ganske sikkert koma på nærare 30 enn 20 milliardar kroner. Dermed vert midtre alternativ (med fjordkryssing) mange milliardar dyrare enn indre alternativ. Dette åleine gjer prosjektet vanskelegare å realisera, og vil i alle høve trekkja fullføring ut i tid.


Frå før har Statens Vegvesen lagt det rimelegaste alternativet for bru (sideforankra flytebru) og minimalt med tunnelar til grunn for kalkylen av midtre alternativ. På den andre sida ligg firefelts veg og tunnelløp inne i kalkylen for indre alternativ, sjølv om trafikkprognosane syner at det vil vera tilstrekkeleg med to til tre felt mellom Eikelandsosen og Leirvik i alle høve fram til år 2040. Med desse grepa fekk SVV dei to alternativa til å bli like kostbare, sjølv om kalkylane berre eit år tidlegare synte at eit indre alternativ ville bli 6 milliardar kroner billegare enn alternativet med bru over Bjørnafjorden.


I tillegg til dei reint økonomiske momenta, kjem at Forsvaret har langt sterkare innvendingar til ei fjordkryssing til Bjørnatrynet enn til eit alternativ lenger vest.


I debatten i Os kommunestyre vart det klårt sagt frå representantane frå Framstegspartiet og Høgre at det var frykt for kva val av indre alternativ vil medføra for vegnettet i Os, som gjer at dette fleirtalet framleis ser kryssing av Bjørnafjorden med bru som eit akseptabelt alternativ dersom brua berre ikkje kjem i land i Øyane.


Trass i at både den politiske leiinga i Samferdselsdepartementet og Statens Vegvesen klårt har gjeve uttrykk for at planane om parsellen Rådal-Svegatjørn ligg fast, - uavhengig av val av trasé for E39, føler ikkje fleirtalet seg trygg. Det er politikarane i regjering og Storting som skal ta endeleg avgjerd om ny veg mellom Os og Bergen, og det har enno ikkje skjedd, - vert det sagt.


Det vart i tillegg uttrykt frykt for at sjølv om Rådal-Svegatjørn vert realisert, er det ikkje sikkert at ein indre trasé om Eikelandsosen vil bli kopla på nyvegen til Os, men snarare bli ført vidare nordover til Arna. Når ein kjenner til at 92% av trafikken sørfrå skal til Bergen sentrum eller Sandsli/Kokstad/Flesland/Ågotnes/Hanøytangen, er det nærast utenkjeleg at framtidig E39 ikkje vert kopla på den nye firefelts vegen frå Rådal til Svegatjørn. Det ligg heller ingen signal frå korkje Statens Vegvesen eller Samferdsledepartementet om at ei slik planendring vert vurdert.


Når meiningsmålingane framfor stortingsvalet til hausten tyder på at det er dei same to partia med fleirtal i Os som vil sitja med makta når denne avgjerda skal takast, er det grunn til å undra seg over at nettopp Frp og Høgre let seg styra av frykt for kva sentrale styresmakter vil finna på å gjera. Det er nok langt meir grunn til å frykta kva konsekvensar kostnadsauken for eit midtre alternativ slik kommunestyrefleirtalet ser det, vil ha for realisering av ein ferjefri E39.


For oss som bur i Os, er det viktig å vera klår over at dei politikarene vi vel inn i kommunestyret, skal handsama planane om ny E39 både i samband med kommunedelplan og reguleringsplan. Dette vil nok skje i kommunestyreperioden 2015-19. Ein treng ikkje vera spåmann for å sjå for seg kva som vert den viktigaste saka framfor kommunevalet i 2015.


Egil H. Haugland

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


© 2021 FOLKEAKSJONEN MOT BRU OVER BJØRNAFJORDEN

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Blogger - svarte sirkelen
bottom of page