top of page

Hordfast over Bjørnafjorden – minner meir og meir om eit luftslott

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden er nett det namnet fortel: Ein aksjon mot bru over fjorden vår, uansett kva type bru, uansett kva ilandføringspunkt i Os, og uansett korleis vegframføringa vert frå brua og fram til nyvegen mellom Rådal og Svegatjørn.


Vi er ikkje ein aksjon som er mot ein ferjefri stamveg mellom Bergen og Stavanger, men vi meiner det heile tida har vore eit langt betre alternativ rundt fjordbassenget via Fusa og Tysnes (Indre alternativ).


Samferdsledepartementet har etter påtrykk for det politiske fleirtalet i Hordaland fylkesting, Sunnhordlandskommunane og Os kommune valt ein trasé over Bjørnafjorden (Midtre alternativ). Det er dette Statens Vegvesen no legg planar for, og som det er meininga at det skal utarbeidast ein kommunedelplan for og som Kommunaldepartementet skal gjera vedtak om i neste omgang.


Siktemålet til brutilhengjarane er å få Hordfast med i neste Nasjonal Transportplan (NTP) som skal leggjast fram våren 2017. Vedtak om å godkjenna Hordfast skal takast av Stortinget som ordinær budsjettsak, og kan tidlegast gjerast hausten 2017, - det vil seia etter neste stortingsval.


Val av Hordfast over Bjørnafjorden fekk fleirtal fordi:


a) det er den raskaste traseen (8-10 minuttar raskare mellom Bergen og Leirvik enn Indre Trasé),


b) den gjev størst samfunnsnytte fordi den knyt Bergen og Stord saman i ein felles arbeidsmarknad (noko som vart opplyst krev ein reiseavstand på maksimum 45 minuttar),


c) fordi det er lagt trafikkprognosar til grunn som syner meir enn ein femdobling av biltrafikken over brua i 2040 samanlikna med dagens trafikk på ferjestrekninga Halhjem-Sandvikvåg,


d) investeringskostnadene for ein trasé over fjorden var den same som ein trasé rundt fjordbassenget (9-10 milliardar kroner), og


e) bru over Bjørnafjorden kunne realiserast eitt år raskare enn ein trasé rundt fjordbassenget.


Halvtanna år etter at Samferdsledepartementet landa på bru over fjorden, er det berre moment a) over som framleis er gyldig.


På det seminaret som Hordaland fylkeskommune arrangerte sist torsdag, opplyste førsteamanuensis Amir Sasson frå BI at føresetnaden for ein felles arbeidsmarknad er ein reiseavstand på 60 minuttar, - ikkje 45 minuttar som ein tidlegare har lagt til grunn. Dette inneber at Bergen og Leirvik vil bli sett på som ein felles arbeidsmarknad med ei reisetid på 50 minuttar via Indre Trasé mot 40 minuttar via bru over Bjørnafjorden. Denne


modifikasjonen vil endra berekninga av samfunnsøkonomisk nytte betydeleg, til fordel for Indre trasé, og gjer at moment b) over ikkje lenger gjeld.


Ei femdobling av trafikkvolum mellom Os og Stord føreset at ingen vel bort å reisa denne strekninga grunna høg bompengeavgift. Med dei prognosane som no ligg føre for investeringstrongen, er det knapt nokon som trur at bompengesatsane vil liggja på nivå med dagens ferjetakstar. Realiteten vert at mange trafikkantar vil velja bort å dagpendla mellom Bergen og Stord, og dermed vert trafikkveksten lågare (moment c) gjeld ikkje lenger) og bompengesatsen enno høgare.


På mindre enn 2 år er kalkylen for ferjefri E39 auka frå 150 til 250 milliardar kroner. Strekninga Bokn – Os er rekna til 40 milliardar kroner, medan bru over fjorden og veg vidare til Svegatjørn er opplyst å koma på 28 milliardar kroner. For mindre enn to år sidan var fjordkryssinga rekna til 9-10 milliardar kroner.


Til samanlikning kostar ny veg mellom Rådal og Svegatjørn mellom 5 og 6 milliardar kroner, og den vart først godkjent og funne budsjettmidlar til etter 40 års planlegging.


Den auka kalkylen for fjordkryssing er resultat av fleire tilhøve, - mellom anna høgare standard og indeksregulering. Likevel er det ganske sikkert at ei spektakulær teknologisk utfordrande bru over fjorden og tunnel under søre delen av Os, vert meir kostbar enn ein tradisjonell motorveg over Tysnes og Fusa, og dermed gjeld ikkje moment d) lenger heller.


På seminaret til fylkeskommunen den 4. juni vart det opplyst at om alt går på skjener, kan Hordfast stå ferdig i 2026. For 2 år sidan opererte Statens Vegvesen med ferdigstilling av bru over fjorden i 2023-25 avhengig av kva type bru ein vel. Indre alternativ kunne stå ferdig i 2026. Då Bergens Næringsråd argumenterte for Midtre trasé var raskare realisering enn Indre trasé eit hovudargument for valet. Alt no ser vi at bru over Bjørnafjorden ikkje vil føra til eit raskare realisert Hordfast enn alternativet rundt fjordbassenget ville ført til. Med den sterke kostnadsveksten som er gjort kjent, er det god grunn til å rekna med at heile Hordfast vert enno meir forseinka. I alle høve er det slik at moment e) ikkje gjeld meir.


Når no argument etter argument for Hordfast over Bjørnafjorden syner seg å bli pulverisert, er spørsmålet om lokale og regionale politiske organ er open for å revurdera heile prosjektet, eller om dei vel å køyra vidare og lar heile prosjektet bli torpedert når det møter dei nasjonale realitetane når Hordfast skal prioriterast mot andre samferdsleprosjekt i Stortinget ein gong i neste periode.


Egil H. Haugland FMBOB

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


© 2021 FOLKEAKSJONEN MOT BRU OVER BJØRNAFJORDEN

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Blogger - svarte sirkelen
bottom of page