top of page

Halleraker og Søviknes rir igjen

I BT sist torsdag er parhestane Øyvind Halleraker og Terje Søviknes ute med ein konspirasjonsteori som det er grunn til kommentera. På nytt vert det trua med at val av indre trasé for E39 mellom Stord og Bergen kan nedføra at nyvegen mellom Rådal og Svegatjørn ikkje vert realisert. Den same uroa vart framfør før og under Os kommunestyret si behandling av trasévalet i februar, trass i at det vart opplyst frå Samferdsledepartementet under møtet at det ikkje var tale om noko kopling mellom desse to vegprosjekta. I Nasjonal Transportplan som regjeringa la fram i april er nyvegen mellom Os og Bergen teken med utan at det ligg føre nokon referanse til storprosjektet ferjefri E39. Traséval for strekninga Stord-Bergen er ikkje gjort fordi Samferdselsdepartementet meiner at vedtaksgrunnlaget ikkje er godt nok.


Halleraker seier til BT at Senterpartiet synest å villa pressa gjennom indre trasé, og at dette i så fall er stikk i strid med vegvesenet sitt syn. Til det er å merka at også Halleraker (Høgre) og Søviknes (FrP og ordførar i Os) går inn for ein trasé som ikkje samsvarar med vegvesenet si tilråding. Eit samrøystes kommunestyre uttalte i februar at bru frå Reksteren til Søre Øyane er heilt uakseptabel for Os kommune. Høgre i Hordaland og statsministerkandidat Erna Solberg har seinare sagt seg samd med kommunestyret, og går inn for ei bru mellom Reksteren og Bjørnatrynet med vidareføring av motorvegen i tunnel fram til Moberg.


Dette alternativet er ikkje tilrådd av vegvesenet ganske enkelt fordi det ikkje er utgreidd korkje teknisk eller økonomisk. Kalkylen for ein slik trasé vil bli fleire milliardar dyrare enn den vegvesenet har tilrådd. Dermed kan den omdiskuterte modellen for samfunnsrekneskapen som professor Victor Norman har presentert, fort kunne syne seg å få indre trasé som det aller beste alternativet.


Det er underleg at Halleraker og Søviknes held fram med å nytta vegvesenet si tilråding som gullstandarden når ingen av dei eigentleg ønskjer at den traseen vegvesenet går inn for, skal bli realisert. Erna Solberg har til og med ifølgje oppslag i lokalmedia uttalt at saka er meir enn godt nok utgreidd, og at det no er på tide å realisera dei planane som ligg føre.


Det er grunn til å meine at Terje Søviknes opptrer illojalt i høve det kommunestyrevedtaket han sjølv var ein av arkitektane bak. Under klare føresetnader som enno på langt nær er garantert, meinte kommunestyret at ei bruløysing frå Reksteren til Bjørnatrynet kunne vera like god som indre vegtrasé via Fusa fram til Endelausmarka/Svegatjørn. Å argumentera for ein trasé som ikkje er utgreidd korkje teknisk eller økonomisk, og samstundes åtvara mot indre trasé som kommunestyret vil vera nøgd med, og truleg eit stort fleirtal av osingane ser på som den beste løysinga, er eit svik mot dei ordføraren skal representera i den politiske prosessen.


Argumenta for ny veg mellom Os og Rådal står på eigne bein. Gong på gong uttrykkjer Samferdsledepartementet – seinast i BT sist torsdag – at dette vegprosjektet er uavhengig av


traséval for E39. Endeleg vedtak om dette ventar berre på ein reguleringsplan frå blå-blå styrte Bergen om plass for overskotsmassar frå tunnelane mellom Rådal og Svegatjørn.


Den raudgrøne fleirtalsregjeringa garanterer at Rådal-Svegatjørn vert realisert. Dersom Halleraker og Søviknes fryktar at det kan bli ei kopling av dette prosjektet med trasévalet for E39, må det vera fordi Høgre og FrP ser det som sannsynleg at slik kopling vil skje dersom vi får ei ny regjering etter valet i september. Det må vera av interesse for veljarane i Os og fylket elles å få klar melding om det er dette parhestane ser for seg, - eller kan hende ønskjer seg?


Kan hende vert det no antyda at dersom motstanden mot bru over Bjørnafjorden fører til at indre trasé vert einaste realiserbare løysing, så skal utsetjing eller skrinlegging av Rådal-Svegatjørn bli nytta som represalie mot vi som bur i Os?


I så fall ser vi konturane av korleis ei fleirtalsregjering av H-FrP vil gå fram for å tvinga viljen sin gjennom når den lokale folkeviljen ikkje er samarbeidsviljug nok. Eg vonar eg tar feil, men føler meg slett ikkje trygg på det.


Egil H. Haugland FMBOB

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


© 2021 FOLKEAKSJONEN MOT BRU OVER BJØRNAFJORDEN

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Blogger - svarte sirkelen
bottom of page