top of page

Framstegpartiet si månelanding

Siste fredag før jul var vi vitne til korleis Framstegpartiet nasjonalt, regionalt og lokalt annonserte si månelanding. Min spådom er at Framstegpartiet sitt bruprosjekt over Bjørnafjorden vil få same utfall som statsminister Stoltenberg sitt CO2-fangst prosjekt på Mongstad. Dette synet vil eg grunngje på følgjande vis:


I sin iver etter å demonstrera handlekraft vel samferdselsministeren å hoppa over ei kvalitetssikring av Statens Vegvesen sin tilleggsrapport frå desember 2012. Det er i denne tilleggsrapporten at vegvesenet endrar tilråding frå indre trasé om Fusa til midtre trasé over Bjørnafjorden. Den førre regjeringa hadde tinga kvalitetssikring av denne tilrådinga frå Møreforskning, men dei nye kostane i regjeringskontora har tydelegvis ikkje tid til slikt.


Samstundes vel regjeringa å ta frå Framstegstyrte Os kommune ansvaret for å utarbeida kommunedelplan og reguleringsplan for E-39 traséen gjennom kommunen vår. Det er første gong dette skjer i eit vegprosjekt, og det synest å skje utan at ordføraren vår tar til motmæle.


Alternativet med verdas lengste flytebru vert vald fordi denne traséen vil gje mest trafikk og dermed bli til størst nytte ifølgje ein omdiskutert modell nytta av NHH-professor Victor Normann. Vi kan undra oss over kva svar modellen vil gje dersom prosjektet vert monaleg dyrare enn det Vegkontoret har lagt til grunn i konseptutgreiinga si.


At eit komplisert vegprosjekt vert dyrare enn føresett, er meir regelen enn unnatak. Opplysningane nyleg om at rundkøyringa ved Os Amfi fekk ein prislapp på 16 mill kroner mot budsjettert 6 mill kroner, er eit eksempel på det. Ei rundkøyring på toppen av eksisterande veg, må kvalifisera til å bli omtalt som eit A4-prosjekt. Å kryssa den 600 meter djupe Bjørnafjorden med ei flytebru som vert dobbelt så lang som verda si lengste flytebru, er langt frå eit A4-prosjekt. Det er heller ikkje tilfellet for arbeidet med å finna ein korridor på langs av Os med akseptable konsekvensar for natur, miljø og busetnad.


Min spådom er at røyndomen vil innhenta FrP slik den gjorde for Stoltenberg. Det er ikkje det sitjande Stortinget som skal ta stilling til E-39 frå Aksdal til Rådal. Det vil i beste fall bli i neste Stortingsperiode og kan hende med ei anna regjering ved roret. Mykje vatn vil ha rent i fjorden til dess, og tilsvarande mykje pengar til utgreiing vil og ha gått med. Når tilrådinga om å kryssa Bjørnafjorden med bru syner seg å bli 5-10 milliardar dyrare enn ein alternativ trasé rundt fjorbassenget, vil det vera mange realpolitikarar på Stortinget som sit med alternative vegprosjekt som dei ønskjer løyst med desse pengane.


Vedtaket om å gå for midtre vegtrasé er eit hastevedtak gjort på eit sviktande fagleg grunnlag. Resultatet er at vi kjem til å nytte mykje pengar, energi og tid på å greia ut løysingar som til sist ikkje vil bli realisert. Dernest må vegstyresmaktene gå tilbake til start og leggje indre trasé til grunn for realisering av ferjefri E39 sør for Bergen. Prosjektet vert


dermed venteleg 5 år forseinka, - jfr opplysningane frå prosjektleiar Olav Ellevset om føreståande planhorisont for vegprosjektet.


Desembervedtaket om bru over Bjørnafjorden vart framstilt som ein siger for FrP. Vi som har meint - og framleis meiner – at ein firefelts motorveg over fjorden og over Os på langs er eit overgrep mot natur, miljø og busetnad i kommunen, må halda kruttet tørt og nytta eitkvart høve til åminna vegplanleggjarar og Storting om at det frå dag ein har funnest eit godt alternativ til ei fjordkryssing og ilandføring av bru i den flottaste strandsona vi har i fylket vårt. Det alternativet som FrP/Høgre har vedteke å arbeida vidare med, vil syna seg langt meir komplisert, usikker og kostbar enn det konseptrapporten legg til grunn.


Spørsmålet er når også dette månelandingsprosjektet må skrinleggjast.


Egil H. Haugland FMBOB

 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentarer


© 2021 FOLKEAKSJONEN MOT BRU OVER BJØRNAFJORDEN

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Blogger - svarte sirkelen
bottom of page