Brysam bru brøytar seg fram
- Egil H. Haugland
- 10. okt. 2012
- 3 min lesing
Eg stør Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden, og ønskjer å grunngje dette standpunktet.
Lat meg starta med eigen bakgrunn: Eg er 5. generasjon osing og har budd her heile mitt liv med unnatak av studietida i Trondheim. I 6 år har eg vekependla til Oslo, Stavanger og Mongstad, men utanom det har eg hatt arbeidsstaden min i Bergen. Som så mange andre busette i Os har eg hatt andletet vendt mot Bergen, og følgjeleg ryggen mot bygdene sør for Os. Ny veg frå Os til Bergen har stått på ønskjelista heile mitt vaksne liv. No er det like før ønsket vert oppfylt, - rett nok så seint at eg personleg ikkje får nemnande glede av framsteget.
Som lokalpolitikar var eg fleire år formann i kommunen si frilufts-, natur- og miljøvernnemnd. Eg har og mange år med bakgrunn som formann i Bergen og omland friluftsråd. I desse organa og i mange andre politiske utval lokalt og regionalt har ein sett på kystområdet langs sør- og vestsida av Os som noko av det mest verdfulle ein har av skjergard i Hordaland. Både i plansamanheng og under handsaming av einskildsaker har ein lagt stor vekt på å ta vare på denne ressursen som både vi osingar og tilreisande set så stor pris på.
Skal vi no slå kontra og kasta alle prinsipp om natur- og miljøvern på fjorden?
Då eg gjekk i barneskulen fekk vi veta at vi var 5000 innbyggjarar i bygda vår. No er vi 18000. Utan å veite det eksakt, vil eg tru at 75 % av osingane i dag er tilflyttarar, det vil sei ikkje har familiære band til Os tilbake i tid. Vi kan spørja oss om kvifor dei har valt å busetja seg i kommunen vår. Eg vil tru at svaret vert omtrent slik:
- Flott natur
- Oversiktleg lokalsamfunn
- Gode oppveksttilhøve for born og unge
- Mange kulturtilbod
- Akseptabel reisetid til arbeidsplassar i Bergen
Trur vi at det er mange som vil nemna nærleik til ferjekaien på Halhjem som argument for å busetja seg i Os?
Det er nok for dei fleste slik eg har det, - eg har blikket vendt nordover mot Bergen. Gjennomgangstrafikken på E39 har nesten berre påverka oss negativt. Kvifor grip vi ikkje sjansen når han no er her til å få vekk denne trafikkåra gjennom bygda vår? Vel vi indre alternativ, vert den ferjefrie stamvegen lagt om nabokommunane våre Tysnes og Fusa som treng han langt meir enn Os som i lang tid har vore ein presskommune med i overkant stor vekst i folketalet.
Verdast lengste flytebru over Bjørnefjorden kan ikkje førast i land i Os utan store øydeleggingar av natur og bustadmiljø. Ein firefelts kyststamveg med stor og jamt aukande trailertrafikk vil gje støyulemper for ein stor del av innbyggjarane i
kommunen. Kyststripa mellom Bjørnatrynet og Strøno/Skeisosen som høyrer til den mest verdifulle vi har i regionen vår, vil bli varig vandalisert.
Det vil vera for optimistisk å tru at argument som dette vil ha mykje å seia for mange av dei aktørane som no arbeider for at bru over Bjørnefjorden skal bli valt. Næringslivet lokalisert sør for oss legg naturleg stor vekt på innspart reisetid. Det same gjer oljeindustrien som ønskjer å knyta Stavanger og Bergen tettast mogleg saman.
I kor stor grad kan vi venta oss objektive vurderingar frå dei som skal koma med såkalla fagleg vurderte råd? Her er eg lite optimistisk med røynsle frå eit langt yrkesliv.
Statens Vegvesen får eit langt meir utfordrande prosjekt å arbeida med om ein vel å gå for verdast lengste flytebru. Det er langt meir sexy enn ein traurig trase basert på kjent teknologi.
Eit brualternativ over Bjørnefjorden vil og gje grunnlag for byggeoppdrag for verftsindustrien langs kysten. Av det følgjer at det og vert mykje konsulentmat for dei same miljøa som skal gje råd om vi bør velja midtre eller indre vegtrase. Etablert teknologi treng ikkje i same grad ingeniørtenester som pionerprosjektet «den lengste flytebrua i verda».
Her ser vi konturen av sterke interessegrupper som ikkje vert lett å kjempa mot. For desse miljøa er det ikkje berre tale om kryssing av Bjørnefjorden. Nei, dei ser konturane av ei framtid der ein kryssar langt breiare fjordar enn til no, - ikkje berre i Noreg, men med stort potensiale internasjonalt.
Mange vil kan hende seia at dette vil vera ei positiv utvikling. Som osing som er oppteken av natur, kultur og bumiljø, ser eg det som ei ulukke om pionerprosjektet skal nyttast for å binda saman Sunn- og Midthordland når det finst eit alternativ med færre negative ringverknader og som så langt ser ut til å krevje lågare nivå på investeringane.
Er det for mykje å venta at politikarane i Os skjønar kva som tener veljarane deira og handlar deretter?
Egil H. Haugland
FMBOB


Kommentarer