Bru eller ikkje bru – Det er kva det handlar om!
- Egil H. Haugland
- 20. feb. 2013
- 4 min lesing
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden er ikkje ein aksjon mot bru til Søre Øyane. Det er bru eller ikkje bru som er temaet. Ingen trasé eller teknisk løysing som inneber kryssing av Bjørnafjorden kan verna skjergarden mellom Bjørnen og Strøno, eller skjerma busetnaden i den folketette søre delen av bygda vår. Skjergarden i Os vert i stor grad nytta av alle innbyggjarane i Os og mange tusen andre frå omliggjande kommunar. Mange av desse stilte opp under fakkeltoget sist tysdag, og har meldt seg som medlemer av Folkeaksjonen mot bru.
Framtidig ferjefri E39 vil uansett gå gjennom nordre del av Os. Her er det i stor grad valt kostbare tunnelløysingar som vernar natur og bumiljø. Kalkylane til Statens Vegvesen legg ikkje opp til slike løysingar vidare sørover der motorvegen eventuelt skal gå gjennom tett busetnad og sårbart kystlandskap. Ei mogleg oppgradering av planane og kalkylane for å minska ulempene, vil innebera at E39 via Fusa på nytt vert rimelegare enn ei fjordkryssing til Os.
I Os bur det 13 gongar så mange innbyggjarar pr. kvadratkilometer som i Fusa. Det er difor lettare å føra ein motorveg med akseptable ulemper gjennom Fusa enn gjennom Os. Fusa og bygdene innanfor - som alle ønskjer ein indre trasé - vil ha fordelar av vegen med omsyn til nærings- og folketalsutvikling. For Bergensregionen vil veg om Fusa gje nytt areal for naudsynt ekspansjon, samstundes som Os og Fusa vert knytt tettare saman. Det er difor indre trasé er mest framtidsretta og til minst ulempe for vi som bur i Os og alle som er glad i kystlandskapet som vi til no har verna om.
Å gjera denne viktige saka til eit val mellom ilandføring av bru på Røttinga eller Bjørnen/Halhjem, vil vera eit stort mistak. Det er berre fråvær av bru som tek vare på interessene til det store fleirtal av osingar i notid og for all framtid.
På informasjonsmøtet for Os kommunestyre sist tysdag, fekk me klar melding om at val av trasé for E39 mellom Leirvik og Bergen ikkje får noko å seia for realiseringa av parsellen Svegatjørn-Rådal. Anten ein vel midtre trasé (bru over Bjørnafjorden) eller indre trasé (via Fusa), skal E39 knytast til Svegatjørn-Rådal anten i området ved Svegatjørn eller i Endelausmarka.
Det neste som synest klårt etter informasjonsmøtet, er at det einaste argumentet som taler for midtre trasé og dermed bru over Bjørnafjorden, er innspart reisetid på 17 minutt. Denne vinsten må vegast opp mot dei ulempene ei spektakulær bru vil representera for innbyggjarane i Os og for den regionale utviklinga for både Bergensområdet og bygdene rundt Bjørnafjorden.
Når Os kommunestyre kjem saman på førstkomande tysdag for å ta stilling til trasévalet, ligg det på bordet forslag til vedtak frå rådmannen. Invitasjonen til politikarane er å gå for bru
over fjorden, men ta atterhald om at alle tenkjelege ulemper vert fjerna eller sterkt reduserte. Vi må ikkje la oss forføra til å tru på ei slik Ole Brum-løysing.
Ulempene med brualternativet vert ikkje borte om brua kjem til land på Bjørnen/Halhjem i staden for på Røttinga. Den firefelts motorvegen må i alle høve vidareførast uavhengig av noverande vegnett fram til Svegatjørn. Frå ilandføringspunktet skal motorvegen gå gjennom, under eller over ein tett busetnad og fredelege naturidyllar. Detaljane i dette skal bli fastsett i neste fase av planprosessen. Då vert det i aukande grad sett fokus på kostnadsnivået. Dess meir investeringsmidlar som trengst, dess lenger vil det ta før vegprosjektet vert realisert, - jamfør røynslene vi har frå planprosessen rundt parsellen Svegatjørn-Rådal. Vi må difor rekna med at det vert auka fokus på å halda kostnadene nede, og at det difor vert vanskeleg å få gehør for kostnadskrevjande tunnellar som kan verna natur og bumiljø.
Ei bru som kryssar Bjørnefjorden mellom Rekstern og Bjørnen/Halhjem er karakterisert som lite aktuell av Statens Vegvesen. Brua vert lengre og teknisk vanskelegare å forankra, og dermed dyrare. I tillegg vert ulempene for Forsvaret større enn med ei bru mellom Reksteren og Røttinga. Av dette følgjer at ei bru over Bjørnafjorden - uansett vidareført trasé på land - vil nå Osbygda på Søre Øyane. Frå ilandføringspunktet vil motorvegen halda fram over bruer mellom holmar, skjær og øyer via Storum eller Søre Neset fram til Svegatjørn.
Det vil ikkje vera trafikkgrunnlag for å kopla lokaltrafikken frå søre delar av Os til motorvegen før ein kjem nord til Svegatjørn. Ei mogleg påkopling lenger sør vil dessutan krevje mykje areal som vil vera øydeleggjande for natur og bumiljø. Dei som til dømes bur på Bruarøy må difor vera budd på å nytta gamlevegen fram til Svegatjørn før dei kan ta inn på motorvegen anten dei ønskjer å køyra nordover mot Bergen eller sørover mot Stord.
Ulempene med trafikkstøy og forureining vil ein behalda anten ein bur på Bruarøy eller Halhjem. Ifølgje trafikkprognosane til Statens Vegvesen vil i gjennomsnitt 10 bilar og vogntog passera på bru og motorveg kvart minutt 24 timar i døgeret. Med ein fart på 100 km/t er det berre når brua vert stengd grunna uvær at vegtrafikkstøyen vert avløyst av vindstøyen. Når vegen er nedbetalt og det vert slutt på bompengane, reknar Vegvesenet med ein monaleg trafikkvekst ut over 15.000 bilar i døgeret. Draumen til Vegvesenet vert eit mareritt for oss som ønskjer å bu i Os.
Egil H. Haugland
FMBOB


Kommentarer