Bjørnafjord-brua er framleis aktuell politikk
- Egil H. Haugland
- 19. juni 2013
- 3 min lesing
Oppdatert: 19. aug. 2021
Etter ar Regjeringa la fram Nasjonal Transportplan (NTP) i slutten av april, har det heller vore lite debatt om trasévalet for E39 mellom Stord og Bergen. Statens Vegvesen hadde lagt opp til at framtidig trasé skulle vedtakast som del av NTP, men Regjeringa meinte tydelegvis at vedtaksgrunnlaget ikkje var godt nok. Det er framleis usikkert når Regjeringa vil gje svar på kva trasé som skal leggjast til grunn for vidare prosjektering, - anten kryssing av Bjørnafjorden mellom Reksteren og Os (Midtre trasé), eller ein trasé via Fusa (Indre trasé).
Eit ekstra kompliserande moment er utsiktene til at det kan verta eit regjeringsskifte etter stortingsvalet i september. Nytt mannskap i departementa kan trenge tid til å setja seg inn i saker som den sitjande regjeringa har starta prosessen med.
Den politiske prosessen siste halvår gjer det ytterlegare usikkert kva leid trasévalet vil ta. Det politiske fleirtalet i Os, til liks med mellom andre Hordaland fylkesutval og Hordaland Høgre, har peika på eit traséalternativ som ikkje er utgreidd av vegstyresmaktene: Ei flytebru frå Reksteren til Bjørnatrynet og samanhengande tunnell derfrå til Moberg. Den løysinga som er tilrådd frå Statens Vegvesen (flytebru mellom Reksteren og Røttingøy) er totalt avvist av eit samla Os kommunestyre.
Den lokalpolitiske prosessen vi har bak oss, kan samanliknast med den som oppstår når ei vertinne spør oss om vi vil ha fiskepudding eller kjøtkaker til middag. Dersom vi svarar at fiskepudding er heilt uaktuelt, men at vi helst ser å bli servert hummar til middag, er det ikkje godt å seia kva resultatet blir.
Realisering av ferjefri trasé mellom Stord og Bergen kjem uansett til å ta lang tid. Ikkje minst vert det tilfellet om ein held fast på draumen om kryssing av Bjørnafjorden og framføring av ein firefelts motorveg på langs av heile Osbygda. Motstand mot eit slikt prosjekt er allereie sterk, og kampviljen vil tvillaust auka dersom det vert klårt at det er i denne retninga framtidig E39 kjem til å gå.
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden vart skipa hausten 2012 som ein reaksjon mot at slike gigantplanar om bru og motorveg for gjennomgangstrafikk på det næraste var eit ikkje-tema hjå lokalpolitikarane i kommunen vår. Aksjonskomiteen har arbeidd for å skapa meir openheit om kva konsekvensar eit slikt prosjekt vil få for oss som er og i framtida blir busette i Os.
Vi har ikkje minst vore opptekne av å få fram potensialet det indre trasévalet om Fusa vil ha for utviklinga i Bergensregionen. Det er venta sterk vekst i folketalet i og rundt Bergen, og det er alt no skort på areal til bustad- og næringsutbygging. Eit alternativ med bru over Bjørnafjorden vil ikkje gje Bergensregionen ei einaste bustadtomt i tillegg, medan Indre trasé om Fusa vil knyta store tomteareal effektivt til den vedtekne nyvegen mellom Rådal og Endelausmarka/Svegatjørn. Indre trasé legg i tillegg tilhøva betre til rette for ei meir
balansert utvikling av ytre og indre strok av Hordaland, og vil medverke til at aust-vest sambandet over Haukeli vert korta merkbart ned i tid.
Det faktum at Regjeringa ikkje sa seg nøgd med tilrådinga frå Statens Vegvesen om berre å gå vidare med alternativet med bru over Bjørnafjorden, ser Fokeaksjonen som ein halv siger. Striden om denne saka er likevel på langt nær over. Dersom Midtre alternativ ikkje vert effektivt parkert, står vi framfor ein motstandskamp som vil setja preg på lokalpolitikken i fleire valperiodar frametter.
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden har mange medlemer og enno fleire tilhengjarar. Aksjonskomiteen ønskjer å drøfta grunnlaget og strategien for det vidare arbeidet med medlemene sine. Difor vert det skipa eit medlemsmøte tysdag 13. august i Ungdomshuset på Haugland. Sjå nærare detaljar i lysing annan stad i avisa.
Egil H. Haugland FMBOB


Kommentarer